Når blir systemet bruke?

Kommunen informerer no våre innbyggjarar digitalt ved hendelsar der dette er hensiktsmessig. Det kan vere vannavstenging, stengte vegar, evakuering eller andre tilhøve som krev rask informasjon. Ein kan sjå føre seg at innbyggjarar vil kunne få SMS frå kommunen no under den situasjonen som er på grunn av koronaviruset

Korleis finn vi deg?

Ein nyttar tre ulike registre for å nå ut med informasjon til deg:

  1. Privatpersonar:
    Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefalar deg å legge inn mobiltelefonnummeret og e-postadressa di der i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendelsar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen herfrå,  Oppdatering av registreret skjer her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon
  2. Bedrifter:
    Ved varsling av bedrifter blir bedrifta som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdiretkoratat ((Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hjå Brønnøysujdregistrene: http://ed flere adresser bør registrere disse som underenhet hos Brønnøysundregistrene: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/
  3. Tilleggsregister:
    Tilleggsregister kan du nytte om du ønskjer å motta varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Sjå https://varslemeg.no/

 

Har du ikkje blitt varsla?

  1. Er du folkeregistrert på di adresse? https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister
  2. Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon? https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Kva kan du gjere?

Oppdater dine opplysningar og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert, kan du registrere ditt telefonnummer på di adresse i vårt Tilleggsregister. Hugs å endre om du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir kun nytta av din kommune.

Registrer ditt telefonnummer i kommunen sitt tilleggsregister her: https://www.varslemeg.no Velg Tilleggsoppføring - Legg til ditt telefonnummer (velg Privat)

Sårbare verksemder

Vårt tilleggsregister knyttar kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen vil motta varsel på SMS om SMS blir sendt frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengige av vatn for å drive verksemda si.

Til dømes:

  • Sjukehus og medisinske senter
  • Alders- og sjukeheim
  • Lege og tannlege
  • Barnehagar og skoler
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Restaurantar og kafeear

Registrer di verksemd i kommunen sitt Tilleggsregister: https://www.varslemeg.no/

Ofte spurte spørsmål

Korleis fungerar varslinga?
Meldinga blir sendt som SMS til mobiltelefonar, epost og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding blir lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldinga blir du beden om å taste: 1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, 9 - om du ønskjer å høyre meldinga ei gong til.

Eg har hemmeleg nummer - blir eg varsla?
Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du likevel ønskjer å få varsel frå din kommune, gjer du ei tilleggsoppføring på https://www.varslemeg.no Kryss av for "hemmelig nummer"