Etter 15. februar har dei fleste som skal ha og som ønskjer, fått vaksine. Ta kontakt med Kjersti Plathe på e-post: kjersti.plathe@bygland.kommune.no eller på tlf 952 15 572 om du ønskjer vaksine og ikkje har fått endå.

Vi må bestille vaksiner, og det tar to veker frå bestilling til levering. Vaksinen held seg ikkje så lenge, omlag 4 veker. Dermed vil vi ikkje alltid ha vaksine på lager, då vi ikkje ønskjer å bestille for å måtte kaste ubrukte vaksiner.

Ta difor kontakt i god tid, så set vi opp dato for vaksinering.