I Bygland er det førebels lagt ut 11 turmål, men du kan og gå turar i andre kommunar om du vil. I heile regionen er det lagt ut over 230 turmål. Du kan registrere turar heilt fram til årsskrifte. Alle som oppnår 200 poeng eller meir, er med i trekkinga av flotte premiar. Vi trekker og ein tilfeldig vinnar i slutten av kvar månad. Du må ha registrert minst ein tur for å vere med i denne trekkinga. Vinnaren blir offentleggjort på våre nettsider og på vår Facebookside.

Kom i gong med TellTur:

  1. Registrer deg først som brukar på www.TellTur.no
  2. Last så ned gratis-appen "Norgeskart friluftsliv"
  3. Opne venstre sidepanel på appen og klikk på  "TellTur"
  4. Logg inn med brukarnamn og passord

For å samle poeng vel du sjølv om du vil gå den samme turen mange gongewr, eller om du vil gå til ulike turmål. Ver merksam på at det ikkje er fysiske kodar eller skilt på stadene. Når du er innanfor 50 meter av målet, vil du kunne sjekke inn på turmålet gjennom appen.

For meir informasjon, sjå nettsidene til Midt-Agder Friluftsråd