Rv. 9 frå Dølen Hotel til Fånefjellstunnelen vil vere stengt for ordinær trafikk tysdag 15. juni kl. 16:00 - 21:00 og torsdag 17. juni kl. 11:00 - 16:00 og 16:45 - 21:00

Trafikkavvikling

Ritta vil pågå tysdag 15. juni kl. 16:30 - 21:00 og torsdag 17. juni kl. 11:30- 21:00. Riksveg 9 vil bli stengt 30 minutt før løpa startar. Rv. 9 vil vere open for normal trafikk i tida torsdag 17.6. ca kl. 16:00 - 16:45.

Vegen blir stengt frå Hotel Dølen i sør, og til Fånefjellstunnelen i nord. Det blir omkøyring på vestsida av Otra og Byglandsfjorden på Fv 3778. Omkøyring vil vere skilta. 

Alle trafikantar og bebuarar blir bedne om å unngå unødig køyring nær løypa, samt respektere vaktene. På den måten bidreg vi til eit sikkert arrangement. Det vil bli enkelte tidsrom der arrangøren vil ha ledebil for dei innbyggarane som bur langs ruta.

Om konkurransen

Sykkel-NM blir arrangert på Sørlandet frå sundag 13. - sundag 20. juni. To av konkurransane, lagtempo og tempo, blir gjennomført i kommunane Evje og Hornnes og Bygland.

På lagtemposykling vil lag på tre og tre ryttarar starte med 2 minutts mellomrom. Laga blir fulgt av ein mc i front og lagbil bak ryttarane, samt lagbilar bak den enkelte syklist. Det vil vere løypevakter i alle kryss og skilting som varslar rittet.

Kontaktinformasjon

Det er Kristiansand Cykleklubb som arrangerer NM.
For meir informasjon, sjå https://www.sykkelnm2021.no/

Arrangementskoordinator Jan Fredrik Stiansen
T: 990 94 662
E: jan.fredrik.stiansen@kck.no

 

 

Delar av teksta er henta frå www.e-h.kommune.no