Informasjonsmateriellet er retta mot grunneigarar/kommunar som eig/forvaltar kulturminne.

Rettleiingsmateriellet skal gje:

  • søkjarar av tilskot betre oversikt over kva ordningar som finns
  • praktiske råd i samband med søknadsprosedyrer
  • faglege råd knytta til istandsetting og vedlikehald av kulturminne

Ei referansegruppe med representantar frå Norsk kulturminnefond, Landbruksdirektoratet, Riksantikvaren, Nordland fylkeskommune, Mjøsmuseet, Bygg og bevar og sjølvstendig næringsdrivande har gitt råd og faglege innspel undervegs.

Resultatet av samarbeidet har blitt ei rekke faktaark delt på fleire tema. Arka kan opnast på nett, og dei kan enkelt skrivast ut. Dei vil bli jamnleg oppdaterte, og fleire informasjonsark vil kome til etterkvart som dei blir laga. Faktaarka er lagra som PDF-filer, som du finn ved å gå inn på Kulturminnefondet si nettside.

Rettleiinga gjeld både for Kulturminnefondet si tilskotsordning og for ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)