Rv. 9 Skomedal

Oktober 2017 blir om lag 3,3 kilometer med ny riksveg 9 gjennom Skomedal opna. Ny breidde på riksvegen blir 7,5 meter. Vegen blir hovudsakleg liggjande på fylling i lia vest for dagens riksveg, unntaksvis den siste kilometeren der ny veg vil følgje dagens trasé.

Riksveg 9 Skomedal

Ny riksveg vil stort sett bli liggjande i lia vest for dagens riksveg gjennom Skomedal, men vil følgje dagens trasé på den siste kilometeren.

Br. Thorkildsen AS, som er hovudentreprenør på prosjektet, arbeider på anlegget i vekedagane frå måndag til torsdag. I løpet av desse dagane held dei på med både sprenging, flytting av masse og dreneringsarbeid, og innan kort tid tek også knusing av stein til. I nordre enden av Skomedal er dei i gong med å hente ut om lag 37 000 m3 med stein som skal brukast i vegkroppen. I tilknyting til dette arbeidet er det til tider behov for å stansa trafikken forbi området. Normalt kan vegen bli stengt i inntil 15 minutt om gongen, men i heilt spesielle tilfelle kan vegen stengast i inntil 1 time mellom klokka 20:00 og 06:00 på måndagar, tysdagar og onsdagar. Ved slike lengre stengingar vil det bli skilta omkøyring via fylkesveg 323 for køyretøy under 7,5 tonn.
Riksveg 9 Skomedal (2)

Massar til den nye riksvegen skal blant anna hentast frå dette fjellpartiet. Entreprenøren antar at dette arbeidet vil halde på fram til mai.

Samstundes som det skal hentast ut stein frå massetaket i nordre del av Skomedal, tek også arbeidet med omlegging av riksvegen vidare nordover til. Totalt er denne strekninga på nærare ein kilometer, og den vil bli lagt om etappevis. Første etappe er på om lag 250 meter, og arbeidet med å leggje om denne etappen vil starte i uke 11. Det vil berre vere eitt køyrefelt på denne strekninga, med lysregulering i kvar ende. Entreprenøren planlegg å vere ferdig med den nordre kilometeren innan juli 2017, slik at bilistane kan køyre på deler av den nye vegen allereie til sommarferien. I oktober i år skal heile den 3,3 km nye riksvegen vere klar til å ta i bruk.

Arbeidet med å gjere ferdig områda utanfor vegbanen skal etter planen utførast våren og tidleg på sommaren 2018. Då vil også det andre laget med asfalt bli lagt, og vegen vil bli merka opp.

Statens vegvesen takkar både innbyggjarar og trafikantar for god tolmod under arbeidet med ny riksveg, og oppmodar alle til omsynsfull køyring gjennom anleggsområdet.

Statens vegvesen