Eit utval av vedtaka i formannskapet:

  • Formannskapet vedtok i sak 47/19 å gje kr. 50 000 i støtte til Bygland ungdomslag
  • Formannskapet vedtok i sak 48/19 å gje kr. 10 000 i økonomisk stønad til arrangementet Color Line Tour 2019
  • Formannskapet vedtok i sak 52/19 fylgjande: Konfirmantundervisninga for 9. klasse vert med verknad frå skuleåret 2019/20 lagt utanom skulen si ordinære undervisning

Eit utval av vedtaka i kommunestyret:

  • Kommunestyret vedtok i sak 38/19 å søkje om å bli eigarkommune i Midt-Agder friluftsråd. HER kan du lese meir om kva dei driv med
  • Kommunestyret vedtok i sak 39/19 planprogrammet for revidering av kommuneplanen. Dei vedtok og fylgjande endring: "Storestraumen: Opning av eit tredje løp gjennom "Deknekanalen" eller det tidlegare overlaupet, eller på anna vis få betre kontroll med vasstand v/flaum i Åraksfjorden, må innarbeidast i planprogrammet." Det vil kome meir informasjon om planprogrammet noko seinare
  • Det blei og løyvd midlar til at alle bygga i Byglandstunet skal bli måla. Dette vil skje i løpet av sommaren

Me minner om at du kan finne alle innkallingar og protokollar frå alle politiske utval på heimesidene våre under "Politiske utval". Du kan finne lydopptak frå kommunestyremøta under "Politikk"