Bakgrunnen for at det no blir innstrammingar i dei nasjonale smittevernråda, er at smitteutviklinga i landet vårt ikkje går den vegen helsemyndigheitene ønskjer. Dei fryktar blant anna at smitte frå område med høgt smittetrykk, skal spreie seg til andre område - til dømes våre kommunar som ikkje har mykje smitte per no. Dei nye reglane og tilrådingane gjeld frå natt til torsdag 25. mars. Ei ny vurdering blir tatt innan 12. april.

Kommunane Bygland og Evje og Hornnes har per 24. mars 2021 ingen ekstraordinære tiltak utover dei nasjonale smitteverntiltaka. Det er difor dei nasjonale reglane og tilrådingane som gjeld.

Sjå lista over dei nye nasjonale tiltaka her

Ein påskeferie med så få kontakter som mogleg

Dei nye smitteverntiltaka gjeld også for påska. For alle. Uansett kvar ein oppheld seg. Regjeringa oppmodar alle til å reise så lite som mogleg og møte så få som mogleg. Å redusere den fysiske kontakten mellom menneske, er det som best hindrar at smitte spreier seg.

No er det til dømes viktig å halde to meter avstand til andre og bruke munnbind alle stader dette er vanskeleg å halde. Til dømes i butikken.

Kjem du frå ein kommune med strengare lokale tiltak enn dei nasjonale, er det reglane frå heimkommunen din som gjeld for deg. Er det til dømes heilt forbode å ha besøk i din kommune, skal du også følgje denne regelen i andre kommunar.

Byrjar du å føle deg sjuk medan du er på besøk i kommunen?

Det er sterkt ønskjeleg at du reiser tilbake til din heimkommune dersom du byrjar å kjenne på koronasymptom eller tenker at du burde ta ein koronatest. Dersom du derimot ikkje har høve til det, kan du bestille ein time for å ta koronatest i våre kommunar.

Kontaktinformasjon for testing

I våre kommunar kan du ta test kvar dag.

Oppheld du deg i Bygland kommune er dette rett kontaktinformasjon:
Ring Bygland legekontor på telefonnummer 37 93 47 30.
Telefonen er open frå kl. 08:00 - 11:30 og 12:30 - 15:00 måndag 29. mars og tysdag 30. mars. Den er  open kl. 08:00 - 11:30 onsdag 31. mars.
Legekontoret held stengt frå kl. 12:00 onsdag 31. mars til og med måndag 5. april.

Oppheld du deg i Evje og Hornnes kommune er dette rett kontaktinformasjon:
Ring Evje legesenter for å avtale tid på telefonnummer 37 40 79 00.
Telefonen er open kl. 08:30 - 11:30 og 13:00 - 15:00 måndag 29. mars og tysdag 30. mars.
Legesenteret held stengt frå onsdag 31. mars til og med 5. april.

Utanom opningstid:
Når legesenteret/legekontoret er stengt, ringar du legevakta på telefonnummer 116 117 for å bestille koronatest. Dette er felles for båe kommunane.

Hugs at du er i karantene fram til prøvesvaret på testen ligg føre. Dette kan ta eitt til tre døgn, og avheng av Sørlandet sjukehus sin kapasitet til å analysere testane. Når svaret er klart, kan du sjå dette på di side på www.helsenorge.no

Ikkje karantene eller isolasjon på hytta

Har du tatt ein test før du reiser på hytta, må du vente heime til svaret ligg føre. Ikkje reis på hytta før du veit om du er sjuk eller ikkje. Du kan risikere å bli så sjuk at du treng helsehjelp. Då er det best at du er i din heimkommune.

Du kan ikkje reise på hytta å sitte i karantene der. Du kan heller ikkje reise på hytta å sitte i isolasjon der. Karantene og isolasjon må bli gjennomført heime. Reis difor heim frå hytta om du blir sjuk.

Nasjonal informasjon om påskeferien

På helsenorge.no kan du lese nasjonal informasjon om påskeferien.

Takk for du tar hensyn. Vi ønskjer deg ei fin påske!

 

Teksten er utarbeidd av Evje og Hornnes kommune