Då den nye byggtekniske forskriften (TEK17) trådde i kraft 1. juli, kom det samtidig ei overgangsordning som tillot prosjektering og bygging anten etter TEK10 eller den nye forskriften.

Denne ordninga opphøyrer ved årsskiftet.

Søknadar om byggetiltak som kjem inn til kommunen etter 1. januar 2019 skal prosjekterast etter TEK17. For søknadar som kjem inn etter dette tidspunktet, er det ikkje lenger mogleg å velge at prosjektet skal prosjekterast etter TEK10.

Frå 1. januar 2019 er og søknadsskjema endra, slik at det ikkje lenger er eit val å prosjektere etter TEK10.

Kommunen kan gjere unntak
Etter særskilt søknad kan kommune gje løyve til at TEK10 blir lagt til grunn for prosjekteringa også for søknadar som kjem inn etter 1. januar 2019. Dette gjeld kun for byggetiltak der prosjektering er påbegynt før 1. juli 2017, og der bruk av forskriften vil føre til omfattande og kostbare endringar.