Skatteetaten vil med dette få eit heilheitleg ansvar for fastsetting, innkreving og kontroll av skattar og avgifter. Etter denne datoen vil skatteoppkrevjaren for Bygland ikkje lenger vere på Evje.

Meir informasjon vil bli lagt ut på http://www.skatteetaten.no

Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november er m.a. behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytta til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.