Telledato og søknadsfristar
Det er to søknadsfristar og ei utbetaling i det nye produksjonstilskotssystemet.

I 2017 blir søknadsfristane 15. mai med telledato 1. mai og 15. oktober med telledato 1. oktober. Når du skal søke om tilskot, avheng det av kva du søker tilskot for. Utbetaling skjer i februar året etter søknadsfristane. Frå og med 2018 vil søknadsfristane vere 15. mars (med telledato 1. mars) og 15. oktober (med telledato 1. oktober).

Frist for etterregistrering
Det er enkelte opplysningar som kan etterregistrerast etter 15. oktober, men innan 10. januar:

  • Avløysarutgifter for perioden 15. oktober til 31. desember
  • Dyr på beite som er tatt ned frå utmarksbeite seinare enn 15. oktober
  • Livdyr av gris, kylling og kalkun som er selde mellom 15. oktober og 31. desember
  • Frukt, bær, veksthusgrønnsaker, samt poteter produsert i Nord-Noreg, som er selt mellom 15. oktober og 31. desember, og som ein søker om distriktstilskot for.

Ny regel om seint levert søknad
Søknadsfristane blir absolutte. Føretak som leverer søknaden innan fristen vil kunne endre opplysningane i søknaden innanfor 14 dagar utan å få trekk. Det vil ikkje lenger vere mogleg å levere søknaden etter fristen med eit trekk på 1 000 kroner pr. dag.

Korleis søke om produksjons- og avløysartilskot i 2017?
I 2017 skal du søke om produksjons- og avløysartilskot både i gammalt og nytt søknadsskjema. Til saman skal du registrere opplysningar opptil tre gonger:

  • Innan 20. januar 2017 søker du om produksjons- og avløysartilskot i det vanlege søknadsskjemaet, på same måte som tidlegare. Sentral utbetaling av tilskota skjer i juni 2017
  • Første registrering i det nye søknadsskjemaet gjer du i perioden mellom 1. mai (telledato) og 15. mai (søknadsfrist)
  • Andre registrering i det nye søknadsskjemaet gjer du i perioden mellom 1. oktober (telledato) og 15. oktober (søknadsfrist). Sentral utbetaling av tilskota du har søkt om i det nye søknadsskjemaet, skjer i februar 2018

Meir informasjon om korleis du skal søke i 2017, finn du HER

Du kan og laste ned og skrive ut brosjyra: Nye søknadsfrister og forbedret søknadssystem for produksjonstilskutt og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid fra 2017