Bygland kommune har oppretta ei arbeidsgruppe som skal sjå på ulike moment i samband med mottak av flyktningar i Bygland. Dei hadde møte den. 30.3.22

I arbeidsgruppa sit:

Ordførar (observatør)
Kommunedirektør
Tenesteleiar Helse
Pedagogisk rådgjevar
Tenesteleiar Bygland oppvekstsenter
Tenesteleiar Drift og forvaltning
Driftsleiar uteseksjonen
Dagleg leiar Frivilligsentralen
HTV

 

Arbeidsgruppa vil trekke inn andre etter behov. Dette kan vere i høve barnehage/skule, helsetenester eller frivillige.

Dei hadde møte 30.3. der dei såg på ulike tema:

  • Aktuell bustader
  • Kva må andre einingar tenke på i samband med at der kjem flyktningar (Oppvekst, helse, frivilligsentralen)
    • Tolketenester
    • Barnehage
    • Integreringstiltak i grunnskolen
    • Kultur- og ungdomstiltak
    • Utgifter til den kommunale helsetenesta
    • Omsorg for personar med rusproblem
    • støttekontakt
  • Økonomi (stønadar og tilskot)
  • Kva rettar flyktningar har

Har du ledig husvære til ukrainske flyktningar

Vi veit ikkje pr. no kven som vil kome til Bygland, men ein kan gå ut frå at det kjem flest kvinner. Ein kan også gå ut frå at der kjem barn, men ein veit ikkje kva alder desse vil ha. Det kan og kome eldre personar. Kommunen må difor planlegge ut i frå at der kjem personar i alle aldersgrupper.

Vi har fleire bustader, og fleire har kontakta oss med melding om at dei ønskjer å leige ut husvære til flyktningane.

Om du har ledig husvære, vil vi sette pris på om du sender ein e-post til: post@bygland.kommune.no

Vi gjer merksam på at innmelding av bustad ikkje er forpliktande på nokon måte. Kommunen vil gjere ei fortløpande vurdering etter kvart som det blir klart kor mange flyktningar som kjem, og når dei kjem til kommunen.