No er det snart to år siden det blei sendt ut ein invitasjon frå Mammografiprogrammet med tilbod om mammografiundersøking. I 2015 var det tilbod om å ta desse bileta på mammografibussen. Styret i SSHF har no tatt ei avgjersle om at mammografibussen ikkje skal brukast i Agder i 2017. Årsak til dette er eit ynskje om eins medisinsk apparatur i mammografibussen og ved BDS (Brystdiagnostisk senter). Dette er pr. i dag ikkje oppfylt.

Om nokre veker vil du få tilbod om mammografi i Arendal, Kristiansand eller Flekkefjord. Det vil i brevet vere tildelt stad og tid. BDS ønsker å gje deg eit best mogleg tilbod, og dei er fleksible om du ønsker å bygge tidspunkt eller oppmøtestad. Så om du får tildelt ein time som ikkje passar, kan du ringe dei, eventuelt benytte deg av timeendring på e-post.

BDS forstår at det blir ein meir krevande reiseveg, men dei håpar du ser fordelen med å delta i programmet, og med å følge det toårige invitasjonsintervallet som blir anbefalt av Mammografiprogrammet. Forsking viser at ved å følge Mammografiprogrammet, kan ein oppdage sjukdom i bryst på eit tidlegare tidspunkt, og ein aukar overlevinga av ein eventuell kreftsjukdom.