EU innfører gyldigheitsperiode på grunnvaksinasjon

Frå 1. februar 2022 innfører EU ein regel om at koronasertifikat basert på grunnvaksinasjon kun skal bli akseptert av kontrollør i 270 dagar etter den siste dosen. 

Endringa blir innført i kontrollfunksjonen, medan koronasertifikatet er uendra. Det vil sei at koronasertifikat framleis blir gitt ut basert på siste dose i grunnvaksinasjonen sjølv om det har gått meir enn 270 dagar. Ein oppfriskingsdose med vaksine vil inntil vidare gjere at sertifikatet kan brukast på ubestemt tid

Endring i reglar for vising av vaksinedosar

Fordi EU har bestemt at sertifikatet skal vere gyldig i ein avgrensa periode etter grunnvaksinasjon, men i ei uavgrensa tid etter oppfriskingsdose (dose 3), må det kome fram i sertifikatet om det er gitt ekstra dosar etter grunnvaksinasjon (dose 1 og 2). Difor blir innhaldet i sertifikatet endra, slik at dei som var grunnvaksinerte etter ein dose (1 av 1) ikkje skal framstå som at dei nyleg blei grunnvaksinert når dei i realiteten har fått oppfriskingsdose.

EU sin regel er difor at den ekstra dosen skal reflektere kor mange dosar ein krev i grunnvaksinasjonen:

  • 3/3, 4/4 osb viser at ekstra dose blei gitt dersom grunnvaksinasjonen krev to dosar
  • 2/1, 3/1 osb viser at det er gitt ekstra dose dersom grunnvaksinasjon blei fullført etter ein vaksinedose, til dømes med ein-dose vaksine, eller ved kombinasjon av påvist covid-19 og ein dose av to-dose vaksine

Tilråding om ekstra dosar for å innfri innreisekrav

På nokre område er det ikkje samsvar mellom FHI sine medisinske råd og EU sine reglar. I tillegg er det stort sprik mellom krava knytta til koronasertifikat i andre land.

FHI si medisinske tilråding er at påvist covid-19 hos grunnvaksinerte meir enn 3 veker etter siste vaksinedose, erstattar behovet for oppfriskingsdose, men i EU sine reglar for koronasertifikatet er det avgjort at påvist covid-19 etter grunnvaksinasjon ikkje erstatter, men eventuelt kan utsette behovet for oppfriskingdose.

Innbyggarar som ønskjer det, kan få ekstra vaksinedose for å oppfylle eit innreisekrav, sjølv om dei tilhøyrer gruppene ein ser på som godt verna og dermed ikkje blir tilrådd oppfriskingsdose. Føresetnaden er at dette er godkjent av europeisk legemiddelmynde (EMA). Førebels har ikkje EMA godkjent oppfriskingsdosar til personar under 18 år. FHI vil difor ikkje tilrå at personar under 18 år får oppfriskingsdose for å innfri innreisekrav.