Kvifor reiser vi til Thisted?

Bygland kommune gjennomfører ein prosess saman med Agder fylkeskommune for å få fram gode tankar, idear og planar som kan hjelpe oss å realisere det verkelege potensialet Byglandsfjorden har. Vi kallar prosessen "Det gode livet rundt Byglandsfjorden".

I samband med denne prosessen gjennomførte vi ein Workshop på Revsnes hotell den 1. desember for inviterte deltakarar. 

Ein av deltakarane var Rasmus Johnsen frå Danmark som er ein av utviklarane av konseptet Cold Hawaii i Klitmøller. Klitmøller har gått frå å vere eit søvnig fiskarsamfunn til å bli eit paradis for surfarar og storbymenneske, og bustadane blir rivne vekk i høgt tempo.

Kommunen har oppretthalde kontakten med Rasmus Johnsen, og vi har planlagt ein tur for kommunestyret og leiargruppa til dette området for å lære litt om den endringsprosessen dei har vore gjennom for å utvikle området, og med det auke busettinga.

Kort oppsummert vil vi ha fokus på dette:

  • Bli inspirert til å sjå moglegheitene i Bygland. Perspektiv. Våge å satse
  • Møte menneska bak - både politikarar og eldsjeler
  • Sjå verdien i "både/og" tenkinga som knekte koden for Thisted
  • Sjå verdien i "dei annleis-tenkande innflyttarane" og kva dei tilfører kommunen
  • Sjå kor viktig det er å tenke attraktivitet og merkevare i utviklinga av eit samfunn
  • Vi gjer dette saman - politikarar og administrasjonen
  • Knytte kontaktar, vere litt ekstroverte og nysgjerrige på kva andre har gjort
  • For leiargruppa (og politikarane og, eigentleg) er dette eit godt case på "Kommune 3.0 - samhandlingskommunen"