• Næringsdrivande som ønskjer det, og sender søknad til kommunen, vil kunne få utsatt betalingsfrist på kommunale rekningar (kommunale avgifter, eigedomsskatt og husleige kor kommunen er huseigar) på inntil 4 månadar. For å be om betalingsutsetting må de sende ein skriftleg søknad til post@bygland.kommune.no. Det er altså ingen automatikk i dette – betalingsutsetting vil berre bli vurdert viss næringsdrivande sjølv tek kontakt. Dette er heller ikkje eit generelt tiltak, sidan ein vil vurdere kvar enkelt søknad for seg sjølv ut frå informasjonen ein får i søknaden. I søknaden bør ein spesielt vektlegge inntektsreduksjon og likviditetsprognoser. Alle søknadar er unntatt offentlegheit i kommunen sitt arkiv
  • Det ileggjast ikkje forseinkingsrenter for dei som får utsatt betalingsfrist på kommunale krav, og det vert følgjeleg heller ikkje sendt purringar. Den som skal betale kravet må sjølv huske på den nye fristen, det vert ikkje sendt eige faktura på dette. Etter fristen har gått ut vil kommunen halde seg til retten til å krevje inn kravet i sin heilskap.  
  • Fakturering av avgift for sal- og skjenkebevilling vert utsatt til hausten
  • Eigedomsskattekontoret i kommunen vil vurdere å utsetje fakturering av eigedomsskatt for 1. termin viss ikkje situasjonen har endra seg innan den tid (ordinært forfall er 18. mai)
  • Kommunen sitt næringsapparat med Setesdal Vekst i spissen, vil kunne hjelpe dei som treng hjelp med å sende søknad om kompensasjon frå staten. Ein kan då sende ein e-post til setesdalvekst@gmail.com

Om fritak for kommunale rekningar

  • Eigedomsskatt: Kommunen vil på generelt grunnlag ikkje gi fritak for eigedomsskatt, då ettergjevnad av eigedomsskatt skal vurderast veldig strengt, jf. eigedomsskattelova § 28
  • Kommunale avgifter: Kommunale avgifter er og underlagt eit strengt regelverk og dei overordna føringane kommunen har fått så langt tydar på at Covid-19 ikkje gir grunnlag for fritak
  • Husleige: Eventuelle søknadar om fritak for husleige vil bli handsama på politisk nivå