Kommunen er mynde for å sikre at alle etterlever forbodet, m.a. gjennom å føre tilsyn med at byggeigarar ikkje fyrer med olje ulovleg.

Når mange skiftar frå oljefyring til andre oppvarmingsløysingar, vil det og vere mange nedgravne oljetankar som går ut av bruk. Lekkasjar frå nedgravne tankar kan gje lokal forureining av grunn, jord og vatn. Kommunen er og mynde for nedgravne oljetankar.

Kva er kommunen si mynde og plikt i oljefyrforbodet?

Forskriften gjev oversikt over kven som har ansvar for kva når det gjeld forbod mot oljefyring. Kort oppsummert:

  • Eigar og brukar av fyringsanlegget har ansvar for at ein etterlever forbodet
  • Miljødirektoratet og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjev rettleiing om forbodet
  • NVE fører tilsyn med forsyningssikkerheit
  • Kommunen
    • fører tilsyn med at ein held §9
    • kan innhente kundelister frå oljeselskap §10
    • kan gebyrfinansiere tilsynet (sjølvkost) §11
    • mottek søknadar om unntak av særlege årsaker §12
    • Fylkesmannen er klageinstans for vedtak gjort av kommunen

Sjå rettleiaren for meir informasjon om dei enkelte bestemmelsane, og ytterlegare rettleiing til kommunen si mynde og plikt. Du kan og ta kontakt med Fylkesmannen for rettleiing