Enkeltarrangement

Gjennomføring av enkeltarrangement må gjerast i samsvar med gjeldande råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet

Rettleiar frå folkehelseinstituttet om arrangement, samlingar og aktivitetar, oppdatert 27.08.2020.

Nasjonal rettleiar frå Helsedirektoratet om arrangement, gruppestørrelse og avstand, sist oppdatert 24.09.2020.

Private samankomster kan gjennomførast i grupper på maksimalt 20 personar

For heile Noreg gjeld følgjande:

  • Det skal vere minst 1 meter mellom alle gjester, med unnatak av dei som bur saman til vanleg. Om lokalet ikkje er stort nok, må talet på personar bli redusert
  • Sjuke personar skal ikkje delta, sjølv om dei har milde symptom
  • Ein må kunne oppretthalde god handhygiene

Rådet gjeld for alle private samankomster, både innandørs og utandørs, som ikkje skjer på offentleg stad med ein ansvarleg arrangør. Sjå eige råd for arrangement med ansvarleg arrangør.

Arrangement på offentleg stad kan ikkje bli gjennomført med meir enn 200 personar tilstades

Det er ikkje tillete å gjennomføre arrangement på offentleg stad med fleire enn 200 personar tilstades samstundes. Tilsette og oppdragstakarar som står for gjennomføringa av eit arrangement, kjem i tillegg til dei 200.

Med arrangement meiner ein:

  • idrettsarrangement, men ikkje organisert trening
  • kulturarrangement inkludert konsertar, utstillingsopningar, opera, ballett, teater og kino
  • andre arrangemeng inkludert seminar, kurs, varemesser, midlertidige marknader, bursdagar, konfirmasjonar, bryllup, gravferder og religiøse samlingar

Kva meiner ein med offentleg stad?

  • ein stad bestemt for alminneleg ferdsel eller ein stad der ålmenta ferdast
  • lokale og utandørsareal som blir leigd eller lånt ut, inkludert hotell, grendehus, forsamlingshus, konferansesalar og hallar

Krav til gjennomføring

  • Alle arrangement skal ha ein ansvarleg arrangør
  • Arrangøren må følgje reglar for talet på deltakarar og avstand
  • Arrangøren skal sørge for at dei som er tilstades kan halde minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i samme husstand
  • Arrangøren skal iverksetje tiltak som bidreg til at sjuke ikkje er tilstades ved arrangementet, og gjere det mogleg å ivareta god hygiene
  • Arrangøren skal ha oversikt over kven som er tilstades, for å kunne bistå kommunen ved ei eventuell smittesporing
  • Arrangement med skjenkeløyve skal ha bordservering
  • Arrangøren skal følgje alle relevante standardar for smittevern, og leggje ein plan for gjennomføring for å sikre god smittevernhandtering
  • Arrangøren må sjølv gjere ei risikovurdering for å avgjere korleis krava til gjennomføring skal kunne bli haldne, og om det er forsvarleg å arrangere