Om coronavirus
Eit nytt coronavirus er årsak til eit pågåande utbrot av lungebetennelse i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina. Det nye viruset kan gi luftvegsinfeksjon hos menneske. I mange tilfelle har det kun gitt mild sjukdom, men det blir rapportert om tilfelle av alvorleg sjukdom og dødsfall. Det er per i dag (31.01.20) ikkje registrert smitta i Noreg, og det er framleis ikkje avklart kor raskt den smittar og kor alvorleg sjukdomen er, men ein reknar det som sannsynleg at vi vil få smitta personar i Noreg.

Forhindre smitte
Vi ønskjer å avgrense smitte og forhindre eit utbrot i Noreg. Det betyr at det er viktig å sette i gong informasjonstiltak der det er mange reisande. 

Vanar som virkar førebyggjande på smitte? (Råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet)

  • Papirlommetørkle foran munn og nase beskyttar andre når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etter bruk. Vask så hendene
  • Bruk albukroken når du må hose eller nyse og ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg
  • Vask hendene ofte og grundig, spesielt når du har vore ute blant folk
  • Hånddesinfeksjon med alkoholhaldige midlar er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, til dømes på reise

Du kan finne oppdatert informasjon om dette på Folkehelseinstituttet sine sider

Foto: Folkehelseinstituttet