Arrangement

Om du planlegg eit større arrangment i sommar, må du levere ein "smittevernplan" til kommunen i tillegg til ein beredskapsplan. "Smittevernplanen" skal godkjennast av kommuneoverlegen.
Du kan ta utgangspunkt i Folkehelseinstituttet sine rettleiarar, dei har rettleiarar for den enkelte bransjen.

Ta kontakt med beredskapsansvarleg Rune Larsson for rettleiing: rune.larsson@bygland.kommune.no eller på telefon 913 38 585.

Kommunale møterom

Kommunen opnar opp for lån av møterom på kommunehuset. Der skal vere ein ansvarleg møtearrangør som skal syte for at smittevernreglane vert fylgde. 

Kontakt beredskapsansvarleg Rune Larsson for rettleiing: rune.larsson@bygland.kommune.no eller på telefon 913 38 585