Datoar for drop-in vaksinering

Følgjande datoar kan du bare møte opp for å få din dose av koronavaksine:

Tidspunkt kvar dag: 10 - 15

  • 25. august
  • 26. august
  • 1. september
  • 2. september
  • 8. september
  • 9. september

Stad for vaksinering er leilegheita på nordsida av Byglandsheimen. Du må rekne med noko ventetid om mange møter samstundes.

Det er fint om du tar med eigenerklæringsskjema.

Her finn du eigenerklæringsskjema

I løpet av andre halvdel av september vil dei som ikkje har fått vaksine bli kontakta for å eventuelt få ny time.

Oppfriskingsdose

Det kan bli gitt tilbod om oppfriskingsdose tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose. Gjennomgått omikroninfeksjon ser ut til å gi ein lågare grad av immunstimulering samanlikna med tidlegare variantar. (Dvs du er ikkje fullt så immun etter den siste varianten av covid, som du var ved tidlegare variantar).

Tilrådinga om ny oppfriskingsdose for nemnde målgrupper gjeld difor uavhengig av om ein nyleg har gått gjennom infeksjon. Tidsintervall frå tilfrisking etter gjennomgått infeksjon til ny oppfriskingsdose bør vere minimum 3 veker, men eit lenger intervall vil som regel gi ein betre immunrespons.

Folkehelseinstituttet vil i løpet av nokre få veker kome tilbake med informasjon om tidspunkt for oppstart av vaksinasjon med ny oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 -  64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdom.

Kvifor oppfriskingsdose?

Den samla overvakinga indikerer at sommarbølga, av omikronvarianten BA.5 har passert toppen. Smittespreiinga ser no ut til å vere svakt avtakande, og ein ser førebels ein tilsvarande reduksjon av talet på nye innleggingar i sjukehus med covid-19 som hovudårsak. Situasjonen er imidlertid uføreseieleg. Smittespreiinga vil kunne auke att når folk kjem tilbake til normal kvardag etter ferien. Trenden er framleis stigande i fleire europeiske land. Det er usikkert kor tidleg ei eventuell haustbølge kjem, og kor kraftig den blir.

Dette gjer at Folkehelseinstituttet vurderar at kommunane ikkje bør utsette oppstart av vaksinasjon til aldersgruppa 65 - 74 år lenger enn naudsynt.