Til deg som huseigar i kommunen!

Vi innfører ei ny ordning for utlevering av bioposar til matavfall og for plastsekkar til returplast. Framover må du gjere følgjande for å få desse:

  • Treng du bioposar, bind du ein tom biopose på matavfallsdunken
  • Treng du sekkar til returplast, bind du ein tom berepose på papirdunken

Våre renovatørar vil då dele ut det du manglar.

Ikkje tak av bioposen eller bereposen før du har fått det du manglar. Renovatøren kan ha gått tom for desse på bilen. Du vil då få utlevert neste gong renovasjonsbilen kjem. Har du gått tom for bioposar eller plastsekkar, kan du få desse utlevert på gjenvinningsstasjonen og i resepsjonen på kommunehuset.

Helsing
Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS