Kva gjer eg om eg blir smitta av influensa?

Om du meiner at du er smitta av influensavirus, er det viktig at du ringar til legekontoret i staden for å møte opp utan avtale. Tlf. til legekontoret er 37 93 47 30 (telefonnummeret til legevakta er 116 117).

Korleis forebygge smitte?

Influensa smittar ved at virus blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person.

For å hindre smitte bør personar som er sjuke unngå å hoste eller nyse direkte på andre, og ein bør halde minst 1 meter avstand til personar med symptom i luftvegane. Ein bør helst hoste eller nyse i eit papirtørkle eller i albuekroken.

God håndhygiene er viktig (både hos sjuke og friske) for å hindre smitteoverføring. Vask hendane ofte og grundig med såpe og lunka vatn. Særleg om du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ om handvask ikkje er mogleg.

Kvar kan eg finne informasjon?

folkehelseinstituttet sine sider er det mykje god informasjon om både sesonginfluensa og coronaviruset.

Tidlegare artikkel frå bygland.kommune.no