Reglane for gyldig koronasertifikat er komplekse. EU legg til dels føringar gjennom sitt lovverk, men land etablerer ulike krav - særleg knytta til innanlands bruk. Gjennom eit intervju i NRK sin Nyhetsmorgen 29.3.22 kunne ein få inntrykk av at oppfriskingsdose kun gir koronasertifikat for ein avgrensa periode, men det stemmer ikkje. EU sin regel er at det ikkje skal vere ei maksgrense på gyldigheita til koronasertifikat etter oppfriskingsdosar. Enkelte land, som Estland, har likevel avgrensa gyldigheit etter oppfriskingsdose.

Informasjon om kva som gir koronasertifikat frå Noreg som kan bli brukt i EU/EØS (dvs QR-kode i kontrollside EU/EØS) og eventuell avgrensingar i gyldigheitstid, finn du HER

Merk at land kan ha krav som gjer at ein ikkje får innreise, sjølv om sertifikatet (sett med norske auge) er gyldig. Til dømes krev ein del land at det skal ha gått eit par veker frå siste vaksinedose før ein får lov til å passere grensa, for at ein skal ha fått effekt av vaksinen.

FHI sitt råd omkring koronasertifikat ved reise er som følgjer:

  1. Sjekk at krava i landet du skal til (og eventuelt landa du mellomlander i eller reiser gjennom) før du planlegg reisa, og hald deg oppdatert på krava fram mot avreise og undervegs på reisa. Oppdatert informasjon finn du på dei ulike landa sine nettsider, for EØS-landa er det tilgjengelege lenker HER. Ein kan og laste ned UD sin app "Reiseklar"
  2. Sjekk dine data i koronasertifikatet for å sjå om du innfrir krava (jf. punkt 2 i denne lenka: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/om/#slik-finner-du-koronasertifikatet