Etter nyttår må det brukast blankettar for avslutting av saker som er påbegynt i det gamle systemet før 1. juli 2010.

Har du gamle saker du vil avslutte?
Det er meir enn 5 år sidan siste, nye byggesak blei laga i det gamle systemet, og dei aller fleste sakene er nok ferdige. Om du likevel har saker i det gamle systemet som ikkje er avlslutta, har du tre moglegheiter for avslutting:

  1. Avslutte sakene i ebs-1997.dibk
  2. Ta utskrifter frå systemet før nyttår og underskrive desse manuelt når saka er ferdig.
  3. Avslutte dei gamle sakene ved bruk av blankettane på direktoratet si nettside. Det er ikkje mogleg å konvertere dei gamle sakene til den versjonen av ByggSøk som blir brukt i dag.

Utdatert versjon
Systemet er bygd på ei gamal plattform som gjer den tekniske drifta utfordrande og ressurskrevande. Aktivitetet i systemet er svært avgrensa. Direktoratet for byggkvalitet har difor avgjort å legge ned ebs-1997.dibk.no frå nyttår.

Ein skal framleis nytte ByggSøk
Då den nye plan- og bygningsloven trådte i kraft 1. juli 2010, kom det ein heilt ny versjon av ByggSøk. Det er denne versjonen ein brukar i dag til alle nye byggesaker. Fram til no har den tidlegare versjonen vore drifta parallellt, slik at gamle saker skal kunne avsluttast i samsvar til det tidlegare lovverket.

Les meir på heimesidene til Direktoratet for byggkvalitet