• Det er ingen nye tilfelle av smitte i Bygland. Det er no ein ser effekten av å vere tidleg ute med tiltak
  • KS har bede rådmannen om å gi oversikt over prosjekt som kan settast i gong for å «halde hjula i gong»
  • Helse/psykisk helse vurderer å starte med heimebesøk til utvalde brukarar
  • Påska: Om ein klarer å dempe utfarten i samband med påska, kan ein kome seg greitt gjennom den. Om ein ikkje klarer dette, kan ein stå ovafor eit nytt scenario
  • Bygland oppvekstsenter har ikkje fått innmeldte behov. Dei har beredskap
  • Ingen endring på dei andre avdelingane

Kriseleiinga tar nytt møte på onsdag. Om der skjer noko ekstraordinært, blir det kalla inn på tysdag.