Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)

Status pr. 30.03.20 kl. 09:00

  • 44 i karantene totalt i kommunane Evje og Hornnes og Bygland
  • Ingen påvist smitte
  • Skal ha møte i dag om etablering av institusjonsplassar (reservehospital). Helsedirektoratet har sendt brev til kommunane der dei gjev pålegg om å planlegge dette. Myndigheitene trur toppen kjem i mai
  • Det er ei utfordring at sjuke som treng jamnlege kontrollar, ikkje møter til kontroll hos legen
  • Oppvekstsentra: Ein treng ei fleksibel løysing på omsorgstilbodet
  • Elles ingenting nytt hos einingane
  • Hytteforbod – det ser ut som at folk respekterer dette
  • Møtet onsdag blir avlyst