Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)

Status pr. kl. 09:00

  • Kriseleiinga held fram med daglege møte i neste veke. Det vil i tillegg bli møte måndag og onsdag før skjærtorsdag
  • Ingen nye tilfelle av smitte
  • Ingenting nytt frå einingane
  • Det er oppretta ei Teams-gruppe – Beredskap. Denne gruppa kan brukast til å samordne informasjon til fylkesmannen si beredskapsavdeling
  • Fylkesmannen presiserer at bobil og campingvogner er å sjå på som hytte
  • Utstyrssentralen, nødtelefonar og biblioteket. Legge ut informasjon om tilgjenge på desse tilboda i heilagdagane i påska
  • Heimevernet har tatt kontakt med ordførar for å forsikre om at dei er tilgjengelege ved behov