Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Knut Olav Forgard, Jorunn Sørlie Tveiten og Rune Larsson (via Skype)

Status pr. 20.03. kl. 09:00

  • Det er ingen nye smitta
  • Dei nasjonale retningslinene seier at ingen skal testast om dei ikkje har symptom eller vore i kontakt med smitta personar. Bygland kommune følgjer dei nasjonale retningslinene på testing
  • Forskriften om forbod om bruk av hytter/fritidsbustadar er trådd i kraft
  • Rutinane for overlevering av testprøver fungerer ikkje heilt som tenkt. Vi avventer nye rutinar
  • Kommuneoverlegen har bestemt at det offentlege toalettet på Prestneset blir stengt. Det er ein potensiell smitterisiko ved bruk av dette
  • Ein helsesjukepleiar har heimekontor. God kontakt med brukarane
  • Den andre helsesjukepleiaren er i poolen for omdisponering
  • Oppvekstsentra melder om «Ingen endring»
  • PLO melder om «Ingen endring»
  • Kommuneoverlegen oppmodar om at talet på menneske i ei forsamling blir halde på max 10. Det må vere minimum 2 meters avstand. Dette gjeld både ute og inne
  • Ordførar og rådmann bed næringslivet om å gi tilbakemelding om status på drifta
  • Rådmannen bed einingane gje tilbakemelding på kva betydning denne situasjonen har på eininga sitt budsjett. Han bed om tilbakemelding i løpet av neste veke.

Kriseleiinga planlegg ikkje møte i løpet av helga, men medlemmene må vere i beredskap