Til stades: Sigbjørn Åge Fossdal, Åsulv Horverak, Aasmund Lauvdal, Kjersti Plathe, Rune Larsson og Jorunn Sørlie Tveiten (via Skype)
Forfall: Knut Olav Forgard

Status pr. 08.04.20 kl. 09:00

  • Ingen nye smittetilfelle i Bygland
  • Ein ny person i karantene
  • Oppstart av barnehage og skule etter påske. Detaljane kjem om kort tid
  • Økonomi. Det skal rapporterast til fylkesmannen den 17. april med kostnadar som er påløpt til no
  • Hytteforbodet blir oppheva 20. april
  • Det er opna for psykolog/samtalar den 20. april. Det bør lagast retningsliner. Helse ser på retningslinene frå Folkehelseinstituttet
  • Det blir testa for korona gjennom heile påska