Open dag

På grunn av Covid -19 kan det bli litt ventetid.

Om du ikkje tilhøyrer risikogruppe eller er under 65 år, kan du bestille tid for vaksinering på legekontoret, tlf. 37 93 47 30.

Grupper som blir anbefalt influensavaksine

Folkehelseinstituttet anbefaler influensavaksine for desse:

  • Gravide i 2. og 3. trimester og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko. Desse blir anbefalt å vaksinere seg før influensasesongen
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg blir influensavaksine anbefalt til:

  • helsepersonell som har pasientkontakt
  • husstandskontakter til immunsupprimerte pasientar
  • svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Lungebetennelsesvaksine

Tilrådingane for lungebetennelse er stort sett dei same som for influensavaksine. Har du fått denne vaksinen før, treng du ikkje påfyll før etter omlag 10 år.

Dette er ei vaksine ein må få resept for hos legen.

Ynskjer du meir informasjon?

Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om influensavaksina.