Ein treng ikkje timeavtale, men må rekne med litt ventetid.

Heimesjukepleien vaksinerer dei som har teneste frå heimesjukepleien.

Personar som ikkje er i målgruppa må kontakte fastlege for resept.

Vi gjer merksam på at dei som er i ei risikogruppe, men ikkje er folkeregistrerte i Bygland kommune, må ta kontakt med sin heimkommune for å få gratis vaksine.

Målgruppe for influensavaksinering

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal og få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjarte-/karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk), spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Andre målgrupper

I tillegg blir influensavaksine tilrådd til følgjande grupper, primært for å verne andre (indirekte vern):

  • helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling og pleie
  • personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar