Det blir støypt omlag 1 200 m2 golvflate som er 10 cm tjukk. Dette gjev då eit betongvolum på omlag 120 m3, noko som tilsvarer 15 betongbillass!
Betongen blir levert av Åseral grus og betong AS.

Som ein ser av bileta, blir betongen pumpa inn i byggen gjennom eit 32 meter langt pumperøyr. Betongen blir så fordelt med slangar inne på golvet og lagt ut i den rette tjukkelsen med laserkontroll.

Bygging av hallen er i rute etter framdriftsplanen, og vi er sjølvsagt svært glade for det gunstige været vi har, og har hatt i byggeperioden.

Alle bilete: Oddvar Omnes