Kurset er gratis. Det blir enkel bevertning kvar kurskveld.

Nærare informasjon i annonse i Setesdølen.

Påmelding til koordinator Bjørn Harald Hagen, tlf 909 17 835, epost: bjorn.harald.hagen@e-h.kommune.no

​Påmeldingsfrist 30. september.

Pårørandeskolen er eit kurstilbod til dei som har eit familiemedlem eller ein nær venn med ein demenssjukdom. Det er og ope for pårørande til personar med hukommelsesproblem utan at nødvendigvis demensdiagnose er fastsett.
​Med faglege forelesingar, gruppe- og plenumssamtalar blir det formidla kunnskap om demens, kva følgjer dette kan ha for personar med demens, pårørande og omgjevnadane.
​Dette er eit godt høve til å møte fagpersonar på området og andre pårørande i same situasjon.

​KURSET ER LAGT OPP MED FØLGJANDE TEMA:

​Dato Tema
11. oktober Demenssjukdomane
Årsaker, forekomst, forløp, symptom og behandling
​Ved Hallvard Mosdøl, kommunelege i Valle/lege knytta til Hukommelsesteamet.
18. oktober ​Tap og sorgreaksjonar hos pårørande til personar med demens
​Ved Arild Nilsen - universitetslektor ved UiA
25. oktober

Kommunale helse- og omsorgstenester - kva kan kommunen tilby, og korleis søke hjelp?
​Orientering om lovverk, søknadsrutinar, høve til å klage etc.
​Ved Katrine L. Homdrum - rådgjevar helse og omsorg

Rettsikkerheit for personar med demens
Vergeordning, legalfullmakt, framtidsfullmakt
Informasjonsfilm

1. november ​Kommunikasjon med personar med demenssjukdom
​Ved psykiatrisk sjukepleiar Hanne Wold og ergoterapeut Inger Meyer Norschau frå alderspsykiatrisk eining ved SSHF Arendal
8. november ​Praktiske utfordringar i kvardagen. Tekniske hjelpemidlar
​Ergoterapeut Linda Beate Dalene

​MÅLSETTINGA TIL PÅRØRANDESKOLEN

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomane
  • Auke forståinga for kommunikasjon og samhandling, og med det betre kvaliteten på samværet med personen med demens, både i heimen og i institusjon
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar og aktuelle lover og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
  • Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon

​På pårørandeskolen blir det lagt vekt på openheit i trygge omgjevnader. Fortrulege opplysningar som kjem fram, skal forbli mellom deltakarane.

PÅMELDING TIL:
Bjørn Harald Hagen, koordinator for Hukommelsesteamet
Telefon: 909 17 835
​Epost: bjorn.harald.hagen@e-h.kommune.no

HER kan du lese meir om Hukommelsesteamet