I tida frå 1. april til og med 20. august skal ein hund bli halden i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengd, slik at den ikkje jagar eller gjer skade på storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder egg, reir og bo.

Ei oversikt over reglane som gjeld for bandtvang finn du i Lov om hundehald (hundeloven) kapittel 2. Bestemmelsen gjeld i heile Noreg, og kun enkelte hundar i aktiv teneste (t.d. gjetarhundar, politihundar og liknande) blir på visse vilkår unnatekne frå den. (Sjå lov om hundehald, kapittel 2, §9).

Hundeeigarar som overtrer bandtvangbestemmelsane kan straffast med bøter og fengsel i inntil 1 månad, jfr. Hundeloven §18. Offentleg påtale skjer kun når det er påkrevd av allmenne omsyn. Dette inneber at det er politiet/påtalemynda som avgjer om det skal reisast straffesak mot hundeeigaren.