Rådmannen framhevar:

I årsmeldinga framhevar rådmann Aasmund Lauvdal enkelte punkt:

  • Kommunen sitt rekneskapsmessige overskot er på kr 2 224 399
  • I 2018 prioriterte kommunen opprusting av utearealet på Bygland skule og ombygging av den gamle gymsalen til kulturscene
  • Det blei oppretta ei ny stilling med fokus på planarbeid
  • Det blei og oppretta ei ny stilling i administrasjonen. Denne stillinga fokuserer på informasjon, profilering og sentralbord
  • Frivilligsentralen har mange gode prosjekt t.d. bygdemiddag annankvar tysdag. Dette er eit positivt tiltak, meiner rådmannen
  • For fyrste gong i historien blei det valt eit ungdomsråd i Bygland! Rådmannen meiner dette er viktig og nødvendig slik at ungdommen kan få fram meiningane sine i saker som er viktige for ungdommen

 

Politiske møte

Visste du at:

  • Det har gjennom året vore 51 politiske møte. Talet på saker i dei ulike utvala er 332. 
    • Plan- miljø og ressursutvalet handsama 100 saker
    • Formannskapet har handsama 93 saker
    • Kommunestyret har handsama 76 saker
    • Bygland ungdomsråd handsama 10 saker
    • Rådet for eldre og funksjonshemma handsama 20 saker
    • I tillegg har Arbeidsmiljøutvalet, Administrasjonsutvalet, Klagenemnd for eigedomsskatt og Valstyret hatt saker i løpet av året

 

Økonomi og næring

Dette arbeider me med:

Avdelinga arbeider med lønn, fakturering, rekneskapsføring, innkreving, økonomisk styring og budsjett, pensjon, næring, innkjøpsansvar, eigedomsskatt og vi har ein støttefunksjon ut mot dei andre einingane

  • I 2018 låg fokus på effektivisering. Det oppnådde vi ved at det er kjøpt inn ei ny løysing for føring av rekneskapsbilag.
  • Over 80 % av dei inngåande fakturaene har kome elektronisk. Dette gjev store effektiviseringsgevinstar og reduserer talet på feilkjelder

 

Personal og administrasjon

Dette arbeider me med:

  • Post, e-post, arkiv, innsynssaker, val, politisk sekretariat, informasjon, kultur, publikumsmottak, overordna personal, beredskap, Samordning av lokale rus- og kriminalforebyggende tiltak (SLT), sentralbordteneste og systemansvar ved sakshandsaming og personal

Visste du at:

  • Hausten 2018 blei det på nytt innført sentralbord i kommunen

Plan og utvikling

  • Avdelinga blei formelt oppretta 1. mai 2018 og var fullt bemanna frå medio august 2018

Dette jobbar me med: 
Planarbeid, byggesakshandsaming, folkehelsearbeid, forbetrings- og kvalitetsarbeid, informasjonssikkerheit og personvern (GDPR), oppfølging i høve internkontroll og kvalitetsstyring

  • I 2018 jobba me mellom anna med dette:
    • gjennomføre arbeidet med reguleringsplan for Presteneset
    • utarbeide planprogram for revidering av kommuneplanen
    • auka gjennomføring av førehandskonferansar i samband med byggesøknadar og oppstart av planarbeid
    • nasjonale sjekklister for byggesakshandsaming er innarbeidd i kommunen sitt saksystem
    • implementering av Personvernforordninga (GDPR) i kommunen

Kultur

Dette jobbar me med:

Drift av ungdomsklubben, kultur, bibliotek, ungdomsrådet, kulturskulen, UKM (Ung Kultur Møtes), sakshandsaming på saker knytt til kultur, skal søke midlar til- og rapportere på idrettsanlegg, kulturelle spaserstokken, kulturelle skulesekken og kulturelle bæremeisen. Skal vere kommunen sitt bindeledd ut mot organisasjonar, lag- og foreningar, bygdekino

Tilsette i kultur: Ungdomsleiar,  biblioteksjef og kulturleiar

Visste du at:

  • Besøk på bibloteket:
    • Vaksne: 1901
    • Barn: 1388
  • Utlån
    • Vaksne: 5563
    • Barn: 4928

Kulturskulen:

  • Interkommunalt samarbeid mellom Bygland og Evje og Hornnes (2018)
  • Det blei tilsett ein ny person. Denne er tenkt skal vere ein dag i veka på Bygland
  • Det har vore få elevar i kulturskulen på Bygland i år

Ungdomsklubben:

  • Klubben er open to kveldar i veka
  • Det har vore godt oppmøte på klubbkveldane
  • Dei har hatt fjelltur, aktivitetar i Byglandshallen og jolebord m.m

Bygdeboka

  • Bygdebokskrivar Ådne Fardal Klev har arbeidd vidare med Bygland gard og ætt
  • Bygdeboknemda tek sikte på å trykke ei ny bok i løpet av 2019

Oppvekstsentra

Visste du at:

  • Elevtallet på skulane har (i sum) gått litt opp
  • Bygland skule har fått ny uteplass
  • Vi startar på oppgradering av uteplassen på Byglandsfjord skule i 2019
  • Det gjekk det til saman 45 barn i kommunen sine SFO
  • I barnehagane gjekk det til saman 54 barn
  • I vaksenopplæringa var det 9 elevar
  • Grunnskuleopplæringa blei gjennomført ved hjelp av samarbeid med Evje og Hornnes kommune
  • I 2018 var det totalt 40,19 årsverk ved oppvekstsentra

 

NAV

Visste du at:

  • NAV har 5 tilsette
  • Talet på mottakarar av sosial stønad har auka i 2018
  • Det har vore ei kraftig auke i handsaming av saker i 2018
  • NAV har eit stort fokus på å bistå med økonomisk rådgjeving

Flyktningtenesta

  • Det var busett 37 flyktningar i kommunen
  • Dei er i hovudsak busett på Bygland, men nokre er og busette på Byglandsfjord

Helse

Dette jobbar me med:

Legeteneste, fysioterapi, helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster), jordmor, psykisk helse og rus, psykiatribustader, støttekontakt, avlastning

Visste du at:

  • Legekontoret på Byglandsfjord blei opna i april etter ombygging
  • Kommunen har avtale med privat fysioterapeut
  • Det blei tilsett helsesjukepleiar i 50% prosjektstilling ved skulehelsetenesta
  • I tillegg er det ei 90% stilling som helsesjukepleiar
  • Det er ei 20% stilling som gir tilbod til dei eldste ungdomane med psykisk helse og rus-utfordringar
  • Bygland kommune er vertskommune for jordmorsamarbeid med Evje og Hornnes kommune
  • I Bygland var det 7 fødslar i 2018

 

 

Drift og forvaltning

Dette jobbar me med:

Drift og vedlikehald av bygg, VA, veg og grøntanlegg. Sakshandsaming og oppfølging i høve 25 ulike lover. Ulike prosjekt som politikarane har vedteke skal gjennomførast

Visste du at:

Fiskebiologen: 

  • Arbeidet med tiltak for stimulering av naturleg reproduksjon av bleka er utvida til Otra også nedanfor Byglandsfjord
  • Det blir årleg registrert fangst av bleka, aure, abbor og ørekyt. Det er grunneigarane som gjer dette. 
  • Det er eit mål å auke interessa for næringsfiske og sportsfiske
  • 3 ungdomar blei engasjert for å rydde strender i heile byglandsfjorden og delar av Otra, Kvålsåne og Bjørnåne. Det blei rydda mykje, særleg landbruksplast og NOFO-kanner

Jordbruket

  • Talet på søknadar om produksjonstilskot gjekk litt opp i 2018
  • Talet på søknadar om regionalt miljøprogram gjekk litt ned
  • Talet på søknadar om kommunalt jordbrukstilskot gjekk litt ned
  • Det blei utbetalt 19 erstatningar for tørkeskadar på grunn av den ekstreme tørka i 2018

Skog og utmark

  • Det blei avverka mindre tømmer i 2018
  • Talet på utført skogkultur (planting, markflekking og ungskogpleie) gjekk litt opp
  • Det blei gjeve 5 løyve til bygging av traktorveg i klasse 8
  • Det blei felt 96 elg, 11 hjort og 20 rådyr
  • Det blei registrert 24 fallvilt, der 13 blei påkøyrd av bil og 11 på grunn av sjukdom, rovdyr m.m.

Kartarbeid

  • Bygland kommune samarbeider med Statens kartverk, Statens vegvesen, Agder energi AS, Telenor og fylkesmannen si landbruksavdeling for å oppgradere kartdata
  • Det blei bestilt generering av nye høgdekoter og ajourføring av kartdata i Grendi, Åraksbø og Jordalsbø. Dette blir gjort ved hjelp av flyfotografering

Anna:

  • Stasjonsbygningen på Byglandsfjord blei måla med midlar frå tusenårsfondet
  • Grendi skule fekk eit løft i samarbeid med grendelaget der. Det var utvendig stell og tilpassing av bygget til grendehus
  • Hytterenovasjonsprosjektet blei fullført i 2018. Alle hytter i kommunen er vurderte i høve til renovasjonstilknyting
  • Det blei gjennomført ekstraordinært vegvedlikehald. Gateljos i Prestlidi, reasfaltering på utvalde stader, grøftereinsk og sikring av 2 bruer
  • Arbeidet med reguleringsplan for Ose bygdesenter starta opp
  • Prosjekt Presteneset blei lagt ut til offentleg ettersyn hausten 2018

Pleie og omsorg

Vi er organisert slik: Byglandsheimen, open omsorg og habilitering. Desse tre avdelingane har felles leiing og administrasjon.

Visste du at:

  • Det blei oppretta ei "forsterka skjerma eining" for bebuarar med ekstra behov for skjerming
  • Vi har ikkje venteliste på plass
  • Det blei tilsett ergoterapeut i ei prosjektstilling i 1 år frå hausten 2018
  • Sjukefråveret er redusert i høve tidlegare år
  • Bufellesskap for eldre fekk "tekjøkken" på romma
  • Målet vårt er ei betre utnytting av potensialet som ligg i velferdsteknologi

Interkommunale samarbeid

Visste du at:

Bygland kommune er med i ei mengde interkommunale samarbeid. Vi er vertskommune for jordmor, kommuneoverlege og Vassdragsstyre Øvre Otra.

Det er fleire typer organisering: Nokre er IKS, andre er §27-samarbeid. Så har vi AS og vertskommunesamarbeid

  • Agder kommunerevisjon IKS
  • Setpro AS
  • Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS
  • Setesdal brannvesen IKS
  • Konsesjonskraft IKS
  • Agder sekretariat
  • Aust-Agder museum og arkiv IKS
  • Setesdal IKT
  • Setesdalsmuseet eigedom IKS
  • Setesdal regionråd
  • Byglandstunet AS
  • Byglandsfjord industribygg AS
  • Nesodden industribygg AS
  • Setesdal barnevern
  • Setesdal PPT
  • Kommuneoverlege
  • Jordmor
  • LMT (Lokalmedisinske tenester)
  • KØH (Kommunal øyeblikkeleg hjelp)
  • Legevakt
  • Vassdragsstyre Øvre Otra
  • Veterinærteneste
  • Veterinærvakt
  • Kulturskule
  • Skatteoppkrevjar (kjøp av teneste frå Evje og Hornnes)

Dei tørre fakta frå rekneskapet

Visste du at:

  • Kommunen si langsiktige gjeld er 80% av driftsinntektene. Dette er lågare enn gjennomsnittet
  • Disposisjonsfondet er på 24,3% av driftsinntektene. Dette er over dobbelt så høgt som gjennomsnittet
  • Overskotet i prosent av driftsinntektene i 2018 var litt høgare enn landsgjennomsnittet
  • Kommunen hadde dryge 20 millionar i kraftinntekter i 2018. Dette utgjer 13% av kommunen sine driftsinntekter