-Under øvelsen skal vi trene samarbeid og koordinering mellom militære avdelingar, politiet og andre sivile etatar i Agder. Øvelsen vil fokusere på krisehandtering, der det innleiingsvis er politiet som er ansvarleg for handteringa, og Forsvaret sine avdelingar bistår. Vi vil drive overvaking og kontroll, sikring av vital militær og sivil infrastruktur. Vi vil vere synlege i regionen og i bybildet under feltdelen av øvelsen som er i tida mellom 25. og 29. april, fortel sjef operasjonar for Agder og Rogaland Heimeverndistrikt 08, major Hans Borgfjord.

HV-soldatane skal under Øvelse Gjallarhorn øve på å sikre samfunnsviktig infrastruktur i ein tenkt krisesituasjon. Øvelse Gjallarhorn er den største og viktigaste øvelsen for HV-08 i år. Det er ein kompleks øvelse som tar for seg truslar mot fleire objekt samtidig. Målet med øvelsen er å betre beredskapen og redusere reaksjonstida ved ei skarp hending.

Viktige og sårbare ressursar i samfunnet må og skal siktrast. I dette arbeidet har HV, i samarbeid med politiet, ein viktig rolle. HV skal sikre verdiar i krise og krig, slik at Noreg har alle naudsynte ressursar i forsvaret av landet.

Objektsikring er ei av dei viktigaste oppgåvene til Heimevernet. Objektsikring er ei av oppgåvene knytta til omgrepa lokalt territorielt ansvar og territorielle operasjonar. HV har og andre viktige oppgåver som sikring av alliert mottak, overvaking og kontroll, vern av viktigie vegar, bekjemping av mindre fiendtlege styrker og sivilt militært samarbeid.

Øvelsen er planlagt i lang tid og har ingenting med sikkerheitssituasjonen i Europa å gjere. I nordområda er det ingen aktivitet som avvik frå normalbildet, og trusselvurderinga er ikkje endra.

For meir informasjon:
Heimevernstaben (HVST)
Tore Ellingsen, Sjef CMT1
E: tore@hvbladet.no
T: 488 81 975