Ved viltpåkøyrsel

  1. Du må vurdere eigen risiko. Har viltulykka skjedd på 4-felts høghastigheitsveg, skal du ikkje gå ut av bilen for å sikre området, men ringe 02800 umiddelbart. (Får du ikkje svar, ring 112)
  2. Sikre skadestad
    • Plasser bilen slik at den er godt synleg og skjermar skadestaden.
    • Sett på nødblink og parkeringsljos. Nærljos kan blende møtande.
    • Ta på refleksvest og set ut varseltrekant.
  3. Ring politiet på 02800 (evnt. 112). Politiet varslar dei lokale viltansvarlege.
  4. Bruk merkebandet til å markere påkøyrselstaden tydeleg - eller der dyret forlot vegen.
  5. Diriger trafikken om naudsynt

Følg aldri etter skada vilt. Viltet kan angripe, og dine spor kan øydelegge for søkshunden.

IVARETA TRIKKSIKKERHEITA TIL FALLVILTMANNSKAPA

Dei gjer ein stor innsats med å avlive skada vilt og fjerne døde dyr frå vegbanen.

VIS OMSYN! Hald god avstand og køyr roleg forbi.

Ansvar

  • Du pliktar å varsle om påkøyrsel av dyr, sjølv om du trur det er uskadd.
  • Du risikerer avkorting av forsikringserstatninga og bonustap om ulykka ikkje blir rapportert og registrert.
  • Skadde dyr lid. Di varsling er viktig for at dyret blir funne så raskt som mogleg.
  • Avliv aldri eit større dyr. Den avgjersla skal fallviltansvarleg eller politi ta.

Vilt på ville vegar

Mange tusen elg, hjort og rådyr blir drepne i vegtrafikken kvart år i Noreg. Risikoen for å møte vilt på vegen er høg heile året.

DETTE BØR DU HA I MINNET OM DYRA:

  • Hjortedyr går ofte saman.
  • Viltet er meir på vandring i skumring og grålysing, og meir på natta enn på dagen.
  • I snørike vintre søker viltet gjerne til lågareliggande område og til brøyta vegar.
  • Det er ekstra stor fare for viltpåkøyrsel i kalde periodar og etter større snøfall.
  • I mai-juni støter elgkua bort eittårskalvane. Risikoen er stor for at kalvane kjem ut på vegen! Hos rådyr søker ungbukkane ut på eigahand, med fare for å bli påkøyrt.
  • Grønne jorder er ein stor fristelse for hjorten. Er det dyrka mark på båe sider av vegen, bør du vere sæleg merksam og senke farten.
  • På seinsommaren og hausten er det bærplukkarar og jegarar i skogen. Då er det også brunsttid. Altså mange grunnar til at viltet er meir i bevegelse.

Dyret kjem alltid brått på!

  • Varselskiltet varslar ein reell fare. Det at du ikkje har møtt vilt på ville vegar på lang tid, gir ingen tryggleik, men heller auka moglegheit for at det er din tur.
  • Å halde fartsgrensa kan faktisk vere for høg fart. Senkar du farten frå 80 til 70 km/t, reduserer du risikoen med 50 prosent.
  • Sveip med blikket slik at du får med deg spor i snøen, eventuelle rørsler i vegkanten og refleksjon frå dyreauge.
  • Kjem eitt dyr, kjem ofte fleire. Brems og ver merksam.
  • Ha alltid rein og klar frontrute, reine lykter og rett justert ljos.