Som støttekontakt hjelper du born som av ulike årsaker treng hjelp til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar, sosiale samankomstar og samfunnslivet generelt.

Vi stiller ikkje krav til formell utdanning eller spesiell arbeidserfaring, men du må vere stabil, ansvarsmedviten og ønskje å jobbe sjølvstendig. Du må vere opprektig engasjert i å hjelpe andre menneske. Som støttekontakt må du vere over 18 år og ha plettfri vandel. Du bør ha førarkort og disponere bil.

Støttekontaktane er ikkje tilsette i Bygland kommune, men inngår ein oppdragsavtale om å jobbe eit fast tal timar i månaden.

Det blir også godtgjort utgifter i samband med oppdraget.

Besøksheim for born er i eigen heim, og blir godtgjort med timebetaling og utfitsdekning etter gjeldande satsar. Som avlastar blir du tilsett i Bygland kommune i ein stillingsbrøk. Alle vaksne i familien må og ha plettfri vandel og levere politiattest.

For meir informasjon, ta kontakt med: Kjersti Plathe, tenesteleiar helse, T: 952 15 572