Alle som blir innkalt til vaksinasjon får ein SMS. I den SMS'en er der ei lenke der du skal svare på om du kan møte.

Det er svært viktig at alle svarer på innkallinga! Vi bruker mykje tid på å kontakte dei som ikkje svarer via lenka. 

Om du er usikker på korleis du gjer dette, kan du ringe sentralbordet på tlf 37 93 47 00 mellom kl. 10:00 og 14:00, så gir vi beskjed vidare om du kjem eller ikkje.