I kalenderen ser det ut til at det ikkje skjer så mykje i sommar. Dette veit me at ikkje er sant - det er mykje som skjer i Bygland i sommarmånadane.

For at kalenderen faktisk skal vise kva som skjer, ber me om at de sender informasjon om arrangementet til oss. Der kan de skrive tidspunkt, klokkeslett, stad og ellers anna som kan vere med på å trekke folk til arrangementet.

De kan sende informasjonen til post@bygland.kommune.no, så vil det bli lagt ut på aktivitetskalenderen.