Vi ber om innspel

Oppdatering av handlingsprogrammet for perioden 2024-2027

Vi inviterer privatpersonar, lag og organisasjonar i Bygland kommune til å kome med innspel til handlingsprogrammet for 2024-2027. Alle som har planar om å søkje spelemidlar for 2024, eller seinare, bør spele inn sine behov.

Under er tilgang til vårt digitale innspelsskjema. Det er også mogleg å sende meir uformelle innspel til kommunen på e-post. Merk gjerne e-posten med ref. 2023/651

Lenke til digitalt innspelsskjema.

Fristen for å kome med innspel til handlingsprogrammet er 1. november 2023.

Gjeldande handlingsprogram

Handlingsprogrammet har to funksjonar; det skal både vere eit verkemiddel for å oppnå visjonen og måla i IFK-planen og kommunen sin samfunnsdel, og eit verktøy for prioritering av innkomne søknader i spelemiddelordninga.

Kort fortalt er spelemiddelordninga ei statleg tilskotsordning for bygging og rehabilitering av anlegg. Finansiering gjennom spelemiddelordninga er i mange tilfelle heilt avgjerande for realiseringa av anlegg og rehabilitering. Spelemiddelordninga blir regulert av eigne føresegner heimla i pengespellova. Eitt av vilkåra for å få tildelt spelemidlar er at anlegget må vere omtala i ein vedtatt kommunal plan. Det vil si at dersom anlegget står oppført i handlingsprogrammet, så er dette vilkåret oppfylt for anlegg i Bygland kommune. Vidare er handlingsprogrammet eit prioriteringsverktøy i behandlinga av innkomne spelemiddelsøknader. Kvart år blir innkomne søknader prioritert basert på prioriteringa i handlingsprogrammet, og prioriteringslista blir vedtatt av kommunestyret.

Det kan blir innrullert anlegg i handlingsprogrammet årleg, men rullering og omprioritering av handlingsprogrammet blir gjort ved behov. Innrullering og omprioritering blir vedtatt av kommunestyret.

Prioriterte anlegg 2023-2026

Anleggstype

Prosjekteigar

Stad

Prioritet

Oppstart

Kostnad anlegg

Turveg Byglandsfjord

Bygland kommune

Byglandsfjord

1

2023

2400

Kulturscene (kjøkken)

Bygland kommune

Bygland

2

2023

340

Dagsturhytta

Bygland kommune

Grendi

3

2023

300

Endurobane

Privat

Bygland

4

2023

**

Bygland discgolfbane

Privat

Bygland

5

2023

578

Ljosløype på Tangen

Privat

Bygland

6

2023

**

Ljosløype på Heistad

Privat

Heistad

7

2024

**

Klatrevegg Byglandsfjord

Privat

Byglandsfjord

8

Uavklart

**

Sykkelløype Byglandsfjord

Privat

Byglandsfjord

9

Uavklart

**

Uprioriterte anlegg (langsiktig)

Anleggstype

Prosjekteigar

Stad

Prioritet

Oppstart

Kostnad anlegg

 

Leikeplass i Ose sentrum

 

 

 

 

 

Innandørs skytebane Bygland.

 

 

-

 

 

Kulturhus

 

 

-