Smitte frå villfugl til fjørfe kan bety alvorlege konsekvensar for fjørfenæringa. Risiko for smitte til menneske blir vurdert som svært låg for høgpatogen influensa. (Det er lavpatogen fugleinfluensa som er kjend for å smitte til gris og menneske)

Mattilsynet kjem til å innføre portforbod for fjørfe i kystkommunane frå og med Østfold til og med Rogaland.

Mattilsynet bed folk som ser døde fuglar melde frå på telefon 22 40 00 00. Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar. Dei kan ha andre smittestoff med seg, til dømes salmonella.

Her kan du lese meir om fugleinfluensa i Noreg og Europa hausten 2020