Deltakarar frå Setesdal

Frå Evje og Hornnes deltok plan- og miljøleiar Siv Therese Kile Lie og frå Bygland deltok klimakontakt Even Simensen

Hack The Climate

Første del av arrangementet gjekk av stabelen i Warszawa i Polen. Noreg stilte med 4 team og Polen deltok med 12 team frå polske kommunar. Dei norske teama var frå Stavanger, Ryfylke og Trondheim, i tillegg til Setesdal.

Hack The Climate går ut på at deltakarane (som er sett saman i team) skal lage seg ei problemstilling som går på berekraft, miljø- eller klimautslepp som ei gruppe med "datahackarar" skal prøve å løyse for oss.

Setesdal sitt problem var om vi kan bruke overflatevatn som ein ressurs. Undervegs i arbeidet i Warszawa spissa dei problemstillinga til om det går å gjenbruke nitrogen som regnvatn tar med seg frå jordbruksjorda. Dei andre norske kommunane hadde også spanande problemstillingar.

Personleg meiner eg Trondheim si problemstilling var den mest spenstige. Dei vil sjå på om ein kan bruke alle som dagpendlar inn til Trondheim med elbil, som batteribankar. Altså at om dei som køyrer elbil inn til sentrum for å jobbe, kan selge straum frå elbilen sin til straumnettet.

Det var spanande å bli kjent med dei polske kommunane. Vi opplevde felles målsettingar, men ulike problemstillingar. Dei polske kommunane jobbar mykje med luftforureining som eit problem på grunn av kolkraftverk, dei jobba med søppelsortering og dei jobba mykje med kva dei skulle gjere når kolkrafta blir forboden.

Det viste seg at Setesdal sitt bidrag hadde vunne "Datahackarane" si interesse. Det betyr i praksis at Bygland og Evje er med vidare i arbeidet med å finne innovative løysingar på å kunne handtere framtida sine klimautfordringar. Dette er stas!

Meir om tematikken kan du finne på Hack the Climate i Polen 2023 - Nordic Edge

 

Tekst: Even Simensen