Energirådgjevinga omfattar:

Rådgjevinga skal bidra til at bustadeigarar brukar mindre energi og dermed og få ned straumrekninga. Å bruke mindre energi, eller gå over til fornybare energikjelder, er dessutan eit godt klimatiltak. I tillegg vil bustadeigarar med anna få råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar.

-Tilbodet er ein del av kommunen sitt arbeid med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavennlege val, seier klimakontakt Even Simensen i Bygland kommune.

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgjeving

I 2023 gjennomfører Bygland kommune ei klima- og energirådgjevingskampanje retta mot hushaldingar. Målet er å motivere bustadeigarane til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavennlege val. Dette blir gjort ved bruk av energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgjevar. 

Du kan m.a. få råd om:

  • Lading av elbil
  • Etterisolering av veggar og tak
  • Bygging av vindauger og dører
  • Installering av varmepumpe
  • Solceller
  • Smart styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

Digital synfaring med energirådgjevar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgjevar som vil kunne hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden din og husstanden sin økonomi. Dette er eit avgrensa tilbod. Gå til kalender for å finne ledige tider.

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen muleggjer objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing på korleis du bruker portalen.

Kven står bak tiltaket?

Kampanjen er finansiert av Agder fylkeskommune og blir levert i samarbeid med kommunane i fylket. 

Tenestene og rådgjevinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.