Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksina blir anbefalt til unge kvinner for å forebygge livmorhalskreft og forstadie til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanligaste seksuelt overførbare infeksjonen i verden. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får omlag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65 - 100 døyr av sjukdommen. Vaksina kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødde 1991 og seinare og få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i ein toårs-periode frå hausten 2016. Vaksinasjonen inneheld tre vaksinedosar gjevne i løpet av 6 - 12 månader og ein må difor starte opp i løpet av utgangen av 2018.

For å få desse vaksinane, må du bestille time på legekontoret. Du må rekne noko ventetid.

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: Folkehelseinstituttet si nettside