Private

Private som har særskilte behov, kan kontakte selskapet pr. telefon 901 94 724 for å få godkjent levering på førehand - private som kjem utan førehandsgodkjenning vil bli avvist

Næringsdrivande

Næringsdrivande vil ha moglegheit til å levere avfall på særlege tidspunkg. Merk at gjenvinningsstasjonane vil ha noko redusert opningstid

  • Tykkås gjenvinningsstasjon er open: torsdag kl. 12:30 - 15:00
  • Rysstadmo gjenvinningsstasjon er open: tysdag kl. 12:00 - 15:00
  • Syrtveit avfallsanlegg er ope: måndag - fredag 08:00 - 14:00
  • Nesmoen og Skaiå gjenvinningsstasjon blir stengt inntil vidare. Næringsdrivande blir vist til Syrtveit avfallsanlegg
     

Hushaldningsrenovasjon

Henting av avfall ved hushaldningane går som planlagt, men det kan skje endringar dersom vi får redusert bemanning på grunn av coronaviruset. Vi oppmodar difor alle til å sortere best mogleg og at ein genererar så lite avfall som mogleg.

Vi vil gjere vårt ytterste for å oppretthalde ei så normal drift som mogleg og sjå til at avfallet blir henta. Om vi blir ramma av sjukdom på grunn av coronaviruset, kan det oppstå forseinkingar i innhenting av avfallet. Det er difor viktig at alle tenker på å generere minst mogleg avfall og at kanskje noko av avfallet må lagrast midlertidig i heimen. Ved sortering, tenk difor på kva som er greit å lagre og kva som ikkje er.

Dersom det kjem til å oppstå forseinkingar på henting av avfall, vil det bli orientert om dette på heimesida deira:  og på kommunen si heimeside.

Vi håper på forståing for dei tiltak som blir innført på grunn av coronaviruset, og oppmodar alle til å bidra på best mogleg vis.

DETTE ER EIN DUGNAD FOR HEILE NOREG, OG VÅRT BIDRAG I LOKALSAMFUNNET FOR Å HINDRE SMITTESPREIING ER VIKTIG!

Med helsing

Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS