Bygland kommune er etter ei søknadsrunde valt ut til å arrangere Generasjonsleikane i 2023 med hjelp frå Senteret for eit aldersvenleg Noreg. Det er duka for leik og moro for alle, uansett alder!

Arrangementet blir samtidig med Lislefarmen på Presteneset laurdag 2. september kl. 11-16. Det blir lokalmat, lokale handtverkarar, leik og aktivitet i ei god blanding.

Sett av datoen!

Møteplass for mangfald og inkludering

I eit aldersvenleg Noreg skal det vere møteplassar og arenaer der alle generasjonar kan møtast gjennom ulike aktivitetar. Ved å legge til rette for at Generasjonsleikane blir arrangert i Bygland, ønskjer vi å bidra til nettopp dette.

Uansett alder og fysisk form

Generasjonsleikane er eit arrangement med aktivitetar som bidrar til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, og der frivilligheita i samarbeid med kommunen står i sentrum. Aktivitetane er i hovudsak fysiske, men er slik at alle skal kunne delta – uansett fysiske føresetnader.

Generasjonsleikane handlar om å vere aktive saman! Born, foreldre og besteforeldre – ulike generasjonar som er i aktivitet gjennom idrett og leik. Her er det viktigaste å samarbeide og ha det moro, ikkje å vinne. Laga som består av minst to generasjonar, er med på ulike aktivitetar. Desse er lagt til rette slik at alle skal kunne vere med, uansett alder og aktivitetsnivå.

Laga treng på ingen måte å vere eit "familielag". Her kan ein invitere med seg ein god nabo eller studievener.

Vi gler oss til ein innhaldsrik dag i september!