Da Liv Åsne Austad Andersen, lokal representant for Gjensidigestiftelsen, kom på besøk til Bygland her om dagen fikk frivilligsentralen seg ei stor overrasking: I Gjensidigestiftelsen sin tildeling 2020 fikk også Bygland frivilligsentral ei pengegåve. Stiftelsen sendte ei sjekk på heile 261.959 kr. til ungdomsarbeidet i Bygland! 

Alle tildelinger er søknadsbasert. Gjensidigestiftelsen skriver på heimesida sin (nettredaksjonen sin markering): 

"I år har vi hatt tre styrte utlysninger.

I mars vart det avsett 15 millionar kroner til strakstiltak for sårbare grupper i samband med Korona-situasjonen.

I juni vart det sett av 50 millionar kroner til sommaraktivitetar for barn og unge, og i september kunne ein søka om tilskot til fysiske møteplassar for ungdom. Det har ikkje vore høve til å søka støtte til prosjekt utanom desse tre utlysningene"

Anne Fauske, kulturleiar i Bygland og leiar av Bygland frivilligsentral kommenterer tildelingen slik:

"Tenk at det er mogleg å få ei slik flott jolegåve!! Og heilt uventa! Frivilligsentralen ante ingenting, og har vel sjelda blitt så overraska som i dag!

Tusen takk til Gjensidigestiftelsen for eit fantastisk bidrag til ungdomsarbeidet i Bygland!!! Dette kjem utruleg godt med!!

Temaet for søknaden er «staden for alle». Målet med desse midlane er å skape ein meiropen møteplass for ungdom og barn. Møteplassen skal sjå ut som, og vere utforma som det.  Me søkte om midlar til nye «freshe» møblar, oppussing av kjøkkenfasislitetar, gamingsutstyr for å legge til rette for esport, og anna utstyr. Me ser fram til å starte arbeidet!"