I år er det mindre mengder snø enn normalt i fjellet, så Agder fylkeskommune reknar med at vegen blir opna 21. mai som planlagt. Vegen blir stengt for vinteren seinast måndag 31. oktober.

Villreinstammen

Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som eit av hovedformåla å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa. Vidare står det i forskriften at vegen Brokke-Suleskard skal vere stengd i tidsrommet frå og med 1. november til og med 20 mai. Ein kan heller ikkje starte arbeidet med å brøyte vegen før 12. mai der vegen krysser trekksona for villrein Vardsvatn-Kvislevassknuten.

Forskrift om vern av Setesdal vesthei kan du lese her: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2000-04-28-409

Kontaktpersonar:

Byggeleiar Sirdal: Per Magne Hindersland, mobil 970 51 661, e-post per.magne.hindersland@agderfk.no

Byggeleiar Setesdal: Knut Stian Horverak, mobil 977 15 423, e-post knut.stian.horverak@agderfk.no